Styremøte i Gjetarhundnemnda HSG

30, jan 2011 by

Referat frå møte Gjetarhundnemda i Hordaland , Voss 16.01.2011 kl. 13.00

Desse møtte: Audun Seilen, Egil Øvstebø, Stein Dalland, Ragnhild Reisæter, Bjørn Atle Nesheim, Gunnar Lægreid, Evelyn Heldal Sommar.

Sak 01/11 – Konstituering /arbeidsfordeling i styret

Skrivar, Møtereferat etc. ansv. Audun

Stoff til heimesida . Felles ansvar ! Ragnhild følger ekstra opp.

Dommara til prøver etc. Stein

Elles tar me i kvar vårt nærmiljø ansvar og stimulerer til god aktivitet.

Sak 02/11 – Oppsummering 2010

God aktivitet i fylket, med lokale kurs / treningssamlingar osv.

Dommarsamling gjennomført i lag med Sogn og Møre.

Tevlingskurs med Mosse

Hordalandscupen vart suksess òg i 2010. Fylkesprøve flott gjennomført i Myrkdalen, Voss.

Landsprøve på Radøy svært vellukka og populær

NM kvote frå Hordaland best av 11 ekvipasjer.

Sak 03/11 – Heimesida.

Evelyn Heldal Sommar vedlikeheld sida på ein flott måte.

Plattform som no? Via NSG/HSG? Samarbeid med NHGL?

Desse spørsmåla vart diskutert. Konklusjon er at me inntil vidare beheldt gjetarhundsida som no, evt òg lar Nordhordland gjetarhundlag leggje sitt stoff under fylkesnemda si side. Viktig å samla alt gjetarhundstoff i fylket på same side. Må òg sjå til at link til sida, på f.eks hsg side osv fungerer.

Oppfordrar fleire til å senda stoff og bilder til sida.

Sak 04/11 – Kurs i bruk av gjetarhund, nybegynnarkurs ?

Kurs bestemt til helga 19 – 20 mars 2011, i Rosendal. Gjetarhundnemda i Kvinnherad stiller med treningsfelt og treningsdyr, så då er det berre å gjenta suksessen frå tidligare. Ungdommer u / 18 år får gratis kurs. Sjå eigen invitasjon til kurset.

Sak 05/11 – Treningssamlinger hjå interesserte lokallag.

Tips og hjelp til å nå mål om å starta / fullføra ein gjetarhundprøve.
Lag som ynskjer dette, tar direkte kontakt med den instruktøren / personane dei ynskjer skal komma og avtaler direkte med denne.
(Veil pris kan vera, reiseutgifter + kr 1000 -1500 pr dag)

Sak 06/11 – Instruktørane i fylket

Instruktørane i fylket gjer ein flott jobb for gjetarhunden og den enkelte sauabonde.
Det vil verta instruktørsamling for faglig påfyll i forbindelse med avslutningsprøve i Rosendal helga 4 – 6 nov.

Sak 07/11 – Dommarane i fylket.

Jacob Gjerde har ansvaret for dommarane, og organiserer evt samling.

Sak 08/11 – Prøver 2011

Sjå egen liste. Er satt opp eit spennande prøveprogram for sesongen. Vil verte rikeleg med muligheter for alle nivå. Håpar at flest mulig grip sjansen og vert med. Super mulighet å læra meir, få meir utbytta av hunden, og ikkje minst komma i lag i eit flott miljø. Haugalandet vil i år delta i Hordalandscupen på lik linje med Hordalendingane. Flinke folk så her må det skjerpings.

Sak 09/11 – Evt

  • Budsjett – Audun har klar budsjett til årsmøte HSG.
  • Smørbrødliste til arrangering av prøver. Audun set opp enkel liste og legg den ut på heimesida.
  • Sankehjelp m/ hund ? betaling? Styret foreslår å setja veil pris til: Reiseutgifter + kr 400 pr time alt kr 1500 pr dag. Ofte skyre sauer og vanskeleg terreng. Fordel om det er lokalkjente personer som tar desse oppdraga.

Møte slutt: 16.00

Referent – Audun Seilen

Related Posts

Share This