Gjetarhundprøve Ulvik
Andre runde i Hordalandscupen er no unnagjordt. Resultattabell oppdateres etterkvart som sesongen skrider fram. Prøven i Ulvik var òg ein av fire uttaksprøver for Hordalandshundane til NM i Klæbu 2011. Det er en eigen tabell for dette.
Gjetarhundfolket i Ulvik klarte nok ein gang å arrangera prøve midtsommars. Dei fleste har sauen til fjells på denne tida. Ulvik klarte likevel å samla sammen nok dyr, og gjennomførte prøven strålande. Takk til Ulvikgjengen. Takk òg til Trygve Høynes for god dømming.
Sterkt drag i enkeltdyr, gjorde enkelte flokkar noko ujevne, som igjen satte førar og hund ekstra på prøve. Me handterer dyr i denne sporten, så dette må ein rekna med. At ikkje alt er forutsigbart, er med og krydrer ein spennande og utfordrande sport.
Strålande sol og masse publikum hadde funne vegen. Flott!
Heile 10 startande i klasse 1 viser at det gror godt i miljøet for tida. Håpar at alle desse stiller på prøver vidare framover òg. To av prøvane til hausten vil verta mynta ekstra på klasse 1 hundane, der me planlegg ekstra trening på gjennomføring av prøve. Følg med på heimesida, så legg me ut nærare info når opplegg er klart.
Nytt i år er at Haugalandet deltar i Hordalandscupen fullt ut. Kjem mange dyktige ekvipasjer derifrå, så dette meiner me vil bidra positivt for gjetarhundmiljøet. Me får etter sesongslutt evaluera cupen og bestemma vegen vidare.
Me vil til slutt berre oppfordra til å delta på prøvane framover. Neste stopp er Sveio i august. Snakkast der! Audun.





Siste kommentarer