Distriktsmeisterskap i Norheimsund.
Kvam saualslag si gjetarhundnemd pluss gode hjelparar arrangerte DM for klasse 1 og 2
på Byrkjeland i Steinsdalen sundag 16. August.
Banen var ”lett kupert” og med godt hundevane villsau vart det vanskeleg nok for både kl 1 og 2.
Villsauene er glupe og lærer fort kor samlekvea er og kor dei skal etter tevlinga er ferdig.
Difor vert det etter kvart utover dagen mykje trekk i flokkane til ein av desse plassane.
Den som ikkje hadde hunden på rett plass til ei kvar tid gjennom løpet, fekk lett problem og poengtrekk.
Veret var diverre ikkje på vår side, og det ausa ned heile dagen, men ein gjetarhundkonkurranse vert aldri avlyst grunna veret!!
I klasse 1 deltok 5 stk og kl 2 var det 20 stk. Kåre Marøy frå Radøy var dommar.
Resultat for klasse 1 finner du her.
Resultat for klasse 2 finner du her.
Flere resultat finn du på NSG si heimeside.
(NB! Alle linkene åpnes i nytt vindu)
Me vil takke alle gode medhjelparar med ein flott innsats for å få til ei slik tevling!!
Bilder fra Kristin Nesheim
(klikk på bildet for større format)

