Breiviksnes Open 29. - 30 juni og 1. juli 2007
skrevet av Marianne Byrkjeland
Breiviksnes ligg i Sverige, ei øygruppe ved Østersjøen. Det er ei flott perle av ein stad, og me er svært takksame for å få vera deltakar på eit slikt stevne, og takksame for den flotte mottakinga me fekk av svenskane.
Med bil og hundar tvers over Norge og tvers over Sverige, 2180 km (me må snart kjøpa klimakvotar) – 4 deltakarar med 7 hundar og 1 support utan hund frå Hordaland – 1 deltakar med 1 hund frå Rogaland.
Det var 4 konkurransar over 3 dagar – 87 hundar stillte til start. Dommar frå Skotland, Ian Brownlie, dømde 3 prøvar, og svenske Nils Agerbjer ein prøve. Alle banane var lagt veldig praktisk opp ved å nytta terrenget slik det var, som t.d.utgang gjennom grind, driving forbi kollar, steinrøyser m.m. Noko for ”Norrbaggaren å ta med seg heim!!
Det var 3 sauer i kvar flokk, pelssau og blanding mellom dorset og pels, flott sau å konkurera på, og veldig god utsetjing av sau!!
Utsendinga var 300-400m, det var ikkje nytta markeringspåle på utsetjingsastaden,. Ein tok opp sauen der han var og dreiv dei kortast vei til inndrivingsport. Inndrivinge var anten på skrå eller beint inn. Drivinga var frå 250m – 500m. 500m varkjempelangt!!! I deleringen skulle ein singla frå eit dyr. Kvea var mindre enn i Norge og ei kve var det ikkje grind i. Her var mange feller å gå i…..!!
Laurdag gjekk 2 prøvar, og her vart ein avbroten etter minus 30 poeng. Fredag og sundag fekk ein gå så lenge prøven gjekk greitt!!!
Norske hundar og førarar vann 3 av 4 prøvar. Noko me kan vera stolte av!!
Me frå Hordaland gjorde ikkje nett det store kuppet, men me fekk alle til noko, og var på ingen måte langt bak svenskane. Her var det kort mellom suksess og fiasko når det gjaldt poengsummame. Heldigvis hadde me ”importert” Olga og Senta frå Rogaland som berga ”æra” vår ved å vinna laurdagen. Flott prestasjon!!! Det var iallfall ein flott og lærerik tur.
Takk til svenskane for at me fekk vera med!!
29.juni
1. Torbjørn Jaran Knive, Eddie 
2. Torbjørn Jaran Knive, Bwlch Hemp
3. Barbro Klingborg, Erkens Lass
30.juni
1. Jo Agnar Hansen, Sisko
2. Torbjørn Jaran Knive, Bwlch Hemp
3.Barbro Klingborg, Erkens Lass
30.juni
1. Olga Lilleland Espevoll, Senta
2. Carl Magnus Magnusson , Ben
3. Carl Magnus Magnusson. Fleet
1.juli
1. Eva Eriksson, Ty Nant Flash
2. Carl Magnus Magnusson, Jock
3. Carina Johansson, Brages Joch
Før turen startet var det oppvarming i Skjold hos Leif Tveit:
