NM 2008 Stryn

Norgesmeisterskapet vart halde i Stryn 17.-19. oktober.

Jakob Gjerde startklarVeret var  på arrangør og deltakarane si side med opphaldsver om lag heile helga.
Arrangørane gjorde ein framifrå jobb med eit flott arrangement. Dei gjorde skikkeleg stas på premieutdelinga med hornmusikk av Stryn musikklag, og bunad kledde born og vaksne til å dela ut premiane.


Banen var oversiktleg og med gode lydforhold.
Tevlingsau i kvalifiseringa 5 vaksne Norsk kvit sau i kvar flokk.
Usending på 320 m, driving ca 350m , i kvar flokk var 3 umerka og 2 merka sau der 2 umerka skulle delast frå i deleringen, kvea var mindre enn vanleg.
100 deltakarar der 50 går fredag og 50 lørdag, 8 beste frå kvar dag går til finalen.
Dette året vart det 3 dommarar som dømde kvar for seg.

Tevlingssau i finalen 3 vaksne NKS og 2 lam. Utsending ca 370m, driving ca 450m, deling av 2 umerka sau og etter kve, singla frå ein merka sau.
Finalen startar med nr 16 frå kvalifiseringa  og deretter nedover til nr 1 startar sist.

Det er hard konkurranse i toppen , og det er mange gode ekvipasjar som kan ta NM tittelen. Dette fører til at den som har ”dagen”, dvs sau som passar til hunden, hund som fungerar og førar som klarar konsentrera seg om oppgåva frå du startar utsendinga til du har late att porten i kvea, den ekvipasjen har god sjanse å få mange poeng. Vinneren blir gratulert!

Me må verta imponert av Torbjørn Jaran Knive som med hunden Eddie tok NM tittelen i år. Det er sjuande NM tittelen til Knive. GRATULERA!!

I eit meisterskap snakkar ein sjeldan om nr. 2 og 3. Denne gongen var det same førar som tok desse plassane, ein svært god prestasjon av Jo Agnar Hansen med Tika og Sisko. Gratulera til han og!!

Hordaland hadde 3 ekvipasjar i finalen, Sander Hindenes og Tweed, Liv Oddny med Hawai og Sweep.  Beste plassering fekk Sander med Tweed på 8 plass. Liv Oddny kom på 15. og 16. plass. Gratulera til dei!! Liv Oddny med Sweep og Hawaii

NM laget frå Hordaland 2008.


Sander Hindenes med Wisp og Tweed
Liv Odddny Hindenes med Sweep og Hawai
Marianne Byrkjeland med Elbrus
Stein Dalland med Jock og Tina
Torger Peder  Øvstebø med Bakki
Jacob Gjerde med Cmm’s Spot
Egil Øvstebø med Craig
Kato Frøvik med Pippi
Kåre Marøy med Jim

Resultatlista frå NM ligg inne på NSG si side.

 

 

Tekst og bilder: Marianne Byrkjeland

Sist oppdatert:

19-oct-09