Nordisk og Landskamp 2006

5-6.august 2006 skrive av Marianne Byrkjeland, august 2006


Nordisk og Landskamp mellom Norge og Sverige vart arrangert 5.og 6.august på Tronslien gard i Alvdal i Hedmark. Ansvarlege for tevlinga var Hedmark gjetarhundlag.

Sverige og Norge hadde 15 hundar kvar, frå Danmark 9 hundar og Finland 4 hundar. Frå vårt fylke deltok Liv Oddny Hauen Hindenes med Sal og Sander Hindenes med Wisp og Tweed.

Banen låg svært oversiktleg til for både deltakarar og publikum. Midt utpå baneområdet var ein kanal der hundane på utgang måtte på ein minisymjetur dersomdei møtte på vatn. Utgang var på ca. 370m, og det viste seg at utgang vart den største utfordringa særleg første dag. Inndrivingslinja som og gjekk over kanalen var fylt i, slik at sauene måtte treffa den for ikkje å havna i kanalen. Første del av inndrivingslinja var skrå inndriving mot port 1. Drivinga  var ca 130m il port 2, 160m mellom port 2 og port 3 og 140m mellom port 3 og  kve. Det var deling før kve og singling etter kve. Tevlingssauene var Norsk kvit sau der lamma var teke frå. Nordisk på lørdag var det veldig varmt, og sauene var tunge å flytta og måtte behandlast varsamt for ikkje å få problem med stopp og splitting. Det var ein del hundar som var ”tom” når dei kom til deleringen.

5 beste deltakarane gjekk til finale, kl. 3 med dobbelhenting. Deltakarane frå Norge gjorde ein god innsats og. Finalistane var  T.J. Knive med Lyn, J.A. Hansen med Tika, J. Sand med Moss, L.O.H. Hindenes med Sal og  K. Søderberg og Lotus. Ein finale er alltid veldig utfordrande for deltakarane og spennande for publikum. Her måtte det veldig konsentrasjon til for det kunne heile veien lett detta vekk poeng.

Nordisk meister vart i år Jo Agnar Hansen frå Alvdal med hunden Tika. Gratulera til Jo Agnar og Tika, ein god ekvipasje som me kjem å sjå mykje til fram etter!!! Liv Oddny og Sal fekk ein god 5.plass og gratulera til henne.  Sjå ellers resultatliste på Hedmark gjetarhundlag si heimeside.

Landskampen mellom Norge og Sverige, greidde svenskane å mobilisera til svært god innsats, og vann med 829p. mot 799 til Norge. Svenske Birger Svensson med Vippa vann landskampen og beste norske vart Jo Agnar Hansen med Tika. Wisp og Sander vart Hordaland sin beste med ein 10 plass. Gratuler til alle!!! Resultatet frå landskampen ligg også på Hedmark si heimesida.Det er svært hyggjeleg å vera tilskuar på ei slik tevling. Det var fint ver og arrangøren serverte god mat, og ein koste seg i sola eller skuggen med å sjå mange gode ekvipasjar og hadde mykje god prat.

Sist oppdatert:

19-oct-09