Frisk start på gjetarhundsesongen 2010!

Søndag 28 mars vart årets første gjetarhundprøve i fylket arrangert. På grunn av snø, vart prøven flytta fra Lindås til Rosendal. Sporty av Kvinnheringane å ta dette på strak arm.
Dommar var Marianne Byrkjeland. Lettbeinte villsaulam gav klar tilbakemelding , og farten auka raskt om hundane vart for nær eller la feil press på sauen.  
11 starta i klasse 1, og 19 i klasse 2.  

Sjå resultatliste på NSG resultat prøver.

Resultat klasse 1

Resultat klasse 2


Spesielt gledeleg var det å registrera at det gror opp unge talent i miljøet.  Kameratane Espen Frøvik og Sverre Kvinnesland, begge 10 – 11 år,  stilte til start i begge klassar, med kvar sin unghund. Imponerande ro og dyktighet vart vist. Dette var skikkeleg moro å sjå på. Ståande applaus frå publikum, då porten i kvea gjekk att, var vèl fortjent. Håpar dei fekk meirsmak til å stilla på prøvar vidare.

Espen og Jess i aksjon

Sverre og Heather på kve


Dette var òg første runde i Hordalandscupen 2010. Me gratulerer Stein Dalland og Jock, med full pott i første runde. Oppsummering etter kvar prøve ligg i tabell som du finner under Hordalandscup -10 i menyen til venstre

Sist oppdatert:

6-sep-10