Lettbeinte treningsvener

Intervju med Stein Dalland

Interessa for hund kom nok før interessa for sau, seier Stein Dalland og smiler. Men skal ein trena ein gjetarhund, bør ein ha sau. Og då satsa han like godt på villsau.

Det var i 1994 at interessa for gjetarhund vart vekt. Far hans, Herleif Dalland, kjøpte seg gjetarhund, og Stein fekk ansvaret for å trena den opp. Han spurde far sin kva han fekk dersom den klarte gjetarhundprøven, og faren svara at då får du hunden. Dermed var det gjort. Stein og Tanja, som hunden heiter, klarte prøven og Stein hadde fått sin første gjetarhund.

Seinare har det vorte fleire hundar, og akkurat no har han fem hundar som han trener. Stein deltek i Norgesserien for gjetarhund, og han har og delteke i åtte norgesmeisterskap utan at han har kome heilt til topps der.

Villsau starta han med i 1997. Då kjøpte han inn tre villsauer. Frå nyttår i år fekk han pakta ein gard, og flokken hans tel no 70 dyr. Flesteparten av desse er av eigen avl, men han fekk dispensasjon til å kjøpa inn nokre dyr til då han fekk avtale om pakting av gard.

Trening
GjeterhunderStein bur på Ostereidet og er sambuar med Malin Møvik. Dei har to små barn, Gard på 3 år og Tiril på 3 månader. Stein er produksjonsarbeidar hjå Fossafe som mellom anna produserer brannsikre arkivskap. Og når ein har jobb og familie, og i tillegg driv med villsau og gjetarhund, vert det ikkje tid til så mykje anna. Men han finn også tid til å vera fotballdommar for Eikanger Idrettslag i 4. divisjon. Ein annan hobby han har er dykking, men det har det ikkje vorte så mykje tid til dei seinare åra.

Treninga med hundane tek mykje av tida. Har han unge hundar i trening, trenar han så og seia kvar dag. Og opp mot konkurransar vert det sjølvsagt mykje trening. I tillegg til å trena eigne hundar, tek han gjerne på seg grunntreninga av andre sine hundar. Det er meir krevande å bruka hund på villsau enn på den ”vanlege” sauen. Fordelen med villsau under trening er at den heldt seg samla i ein flokk, men om hundane kjem for nær spring dei ut til alle kantar, for så og samla seg att. Den er god til å skilja ut hundane. Enkelte hundetypar slepper dei heilt inn på seg, medan dei med andre hundar vert urolege på lang avstand. Villsauen er svært var og lettbeint, og tek den først ut, er den ikkje lett å stoppa. Difor er hundane veldig på vakt når dei skal  løysa villsauen. Dette fører til at hundane hans kan verta vèl forsiktige når dei skal løysa andre sauer, noko som kan verta litt problematisk når dei til dømes er med på sanking. Men far hans har Norsk kvit sau, så hundane hans får prøva seg på begge deler.

Alle samletOppdrag
Det er ikkje sjeldan at folk ringjer og ber om hjelp til sauesanking. Han har fast oppdrag med å vera med på sanking av villsau ute i øyane, men folk som har bruk for hjelp til å få sauer heim frå fjellet, ringjer også. Så frå august og utover til midten av november går det slag i slag. Og som oftast er det vellukka oppdrag. Finn dei sau, kjem som oftast sauen heim. Folk set pris på at dei kan ringja han, og Stein tykkjer det er kjekt at folk ringjer.


Kurs
I midten av oktober arrangerte Nordhordland Gjetarhundlag kurs for nybyrjarar. Gården
Eine dagen fekk kursdeltakarane prøva seg på villsauen til Stein, og det var nok ei utfordring både for hund og eigar. Heldigvis for kursdeltakarane har Stein god kustus på både bikkjer og sau, og sidan sauene er vane med hund, fekk kursdeltakarane godt utbyte av dagen. Neste sesong skal villsauene til Stein brukast i Norgesserien for gjetarhund. Dette har vore prøvd ein gong før, og Stein ser fram til dette. Ein ting er i alle fall sikkert. Driv ein med villsau og gjetarhund får ein god trim. Sauene hans går ganske fritt, og det hender rett som det er at dei stikk av og han finn dei att på fjellet. Og skal han til fjells, er det 6-700 meter rett opp liene. Han kunne nok ikkje klart seg utan hundane då, seier han.

skrive av Astrid Daae Kristiansen - høsten 2004

Sist oppdatert:

24-sep-09