Instruktørsamling 2009
Helga 20-22 mars inviterte fylkesnemda til instruktørsamling på Hindenes. Liv Oddny som er leiar i nemda, stilte med hus, mat og treningssau, imponerande. At Sander òg vart med heile helga, var kjempeflott. Ordtaket ”der det er hjarterom er det husrom” gjeldt så absolutt fortsatt. Sander og Liv Oddny er veteraner innafor gjetarhund, og sit på store mengder erfaring og kunnskap. Difor ekstra kjekt å få ei helg ein slik plass. Det fyller opp med inspirasjon, og nye ideer og vinklinger kan diskuterast og testast. Marianne Byrkjeland heldt foredrag om læringsteori. Einaste vertskapet ikkje hadde kontroll på, var været. Regna trollkjerringar heile helga, men det tåles. Takk for lærerik helg!

