Gjeterhundkurs i Rosendal

 

Tevlingskurs for gjetarhundfolka i Hordaland i
Rosendal 19-21 mars.

Målet med kurset er å auka interessa for å trena hundane til å verta enndå betre i praktisk arbeid. Då er konkurranse deltaking ein god veg å gå. Kurset er og med å auka kunnskapsnivået til instruktørane rundt om i fylket, og det kjem og den einskilde kursdeltakar/sauebonde til gode.
Mosse Magnussen er ein mann som kan sitt fag, både teoretisk og praktisk. Han har drive med praktisk arbeid med hund og sau i mange år, og har konkurrert på høgt nivå i lang tid.
Det har vore ei svært lærerik helg for alle dei 16 deltakarane. Alle fekk god teoretisk innføring i trening av hund og god hjelp i den praktiske delen for å læra sjå kor ”skoen trykkjer”.

Takk til gjetarhundnemda i Hordaland som organiserar kurs.
Takk til hjelparar i Rosendal som held sau og stad å vera.
Takk til Mosse Magnussen som kom frå Skottland for å halda kurs for oss.

16 kursdeltakarar og instruktør trossa ver, vind og snø og siste kursdag kunne hundepotane og saueklauvene springa på bart underlag.

 

 

Tekst av Marianne Byrkjeland
Bilder av Nina Carlsen

Sist oppdatert:

26-mar-10