Kvelpen

skrive av Marianne Byrkjeland

Når ein som husdyrbrukar skaffar seg ein gjetarhund som driftsmiddel, bør ein få tak i eit emne av god kvalitet. Målet er at ein skal ha god nytte av hunden, og han skal vera ein god arbeidskamerat i minst 10 år.

Kvelpen bør ha foreldre med godkjent gjetarhundprøve, vera HD frie og ha godt lynne. Det er denne måten som vert nytta ved utval av avlsdyr hjå gjetarhunden i Noreg i dag. Samstundes kan det vera nyttig å søkja råd hjå erfarne gjetarhundfolk i sauavlslaga kringom. Det er viktig at du får tak i emne som høver til din personlegdom og til ditt bruk. Kvelpar i eit kull er ulike på same vis som folk er ulike.

Dei første 7-8 vekene i kvelpen sitt liv bør oppdrettaren ha prega dei på folk, ulike lydar og luktar m.m. Dette er viktig for at du som kvelpekjøpar skal ha ein god start i ditt hundehald. Kvelpar skal syna iver og glede når dei høyrer menneskestemmer. Det er ei god rettesnor på at kvelpane har eit positivt forhold til menneske.

For at kvelpen skal verta ein god samarbeidspartnar som vaksen, lyt du leggja grunnlaget dei første månadane i kvelpen sitt liv, og du startar med  å laga reglar  frå dag ein når kvelpen kjem i til gards. Du lagar hund av kvelpen det første året!

Border collien er ein førarmjuk hund med svært høgt jaktinstinkt og god arbeidsvilje. Difor pass på å få kontroll på aktivitetane du tilbyr hunden. Målet er ein trygg og lydig hund.

All aktivitet kvelpen er med på skal vera tilknytt deg, og den skal vera positiv. Når du ikkje kan vera saman med kvelpen, bør han vera oppstalla i hundegarde avskjerma frå barneaktivitetar, trafikk m.m. Border collie med høgt aktivitetsnivå skal  berre vera saman med ungar under tilsyn av vaksne. Ein hund er ikkje noko leikety for ungar! Hundegarden kan godt vera plassert bak og inntil bustadhuset. Kvelpen kjenner seg mindre einsam når han høyrer lydar frå den nye ”flokken” sin. I starten når kvelpen vert plassert i hundegarden, vil han oftast protestera ver å hyla. Gå aldri inn til kvelpen når han ropar på deg, hyler. Vent  i nokre sekundar etter han har roa seg, då unngår du at han får respons på hylinga si. Ved plassering i hundegarde utanom aktivitetar med deg, hindrar du feilutvikling av gjetareigenskapane ved at kvelpen aldri får gå laus og driva med aktivitetar på eige hand.

Fyrste treninga er kontakt og tillitstrening, ”ros” og ”ris” til rett tid og passeleg mykje i forhold til kvelpen sin psyke, ver og  konsekvent og tolmodig. Lær å les hunden!

Kvelpen skal ha mykje kos og klapp den første tida, for å verta kjend med sin nye eigar. Du må nytta kvelpetida til å få god oppdragelse, ein lydig hund er ein hyggeleg hund. Kvelpen skal få kos og klapp berre når han har alle fire beina sine på bakken, anten han sit eller står. Han skal vera roleg , og du skal klappa han roleg , helst framme i bringa eller i munnvikane. Ved å vera konsekvent på det, unngår du at kvelpen hoppar opp på folk som kvelp og vaksen. Kvelpebiting er ofte eit problem som kan utarta seg, Når kvelpen er liten og søt, syns mange det er moro når han bit i hender og oppetter beina. Den sysselsettinga vil fylgja kvelpen og den vaksne hunden dersom du ikkje får slutt på det tidleg. Du tek tak i nakkeskinnet og seier ”nei”, så gjev du kvelpen noko han kan gnaga på. Dersom du har kvelpen inne den første tida, er det lurt at han har tilgang på noko å sysselsetta  seg med, elles vert  lett alt forbode. Du kan og skapa god kontakt med kvelpen ved å mata han for hand medan du prata med han. Han opplever stemma di med noko positivt, nemleg mat. I samband med slike matstunder, kan du  byrja den første innlæringa av ”sitt”, ”dekk” og ”stå”. Du seier ”dekk” når kvelpen legg seg, og kvelpen får maten med ein gong han legg seg. Det er viktig at kommandoen kjem saman med at kvelpen gjer handlinga du ynskjer. Kvelpen vil etter ein del repetisjonar  forbinda handlinga med orda du gjev. Lær kvelpen at han skal sitja å venta til du seier han skal  får koma ut av hundegarden. Legg inn ein ”fri” komando , ”fri” betyr for hunden at no treng han ikkje vera i komando lenger. Kvelpen lærer seg lydigheit , sitja å venta, han får noko positivt, ”fri”, å koma ut og vera saman med deg.

God innkalling er den viktigaste øvelsen  i alt hundehald, og særleg for dei som driv med gjetarhund. Du startar med innlæringa når kvelpen er 8 veker. Ein liten kvelp er veldig avhengig av den nye ”flokken” sin  og følgjer deg over alt. Kvar gong kvelpen kjem mot deg, seier du ”kom”, og han får masse kos og klapp når han kjem inntil deg. Så slepp du kvelpen laus att, seier ”fri” og går  ifrå han. Når han følgjer  deg på ny, gjentek du kommandoordet att og masse kos og klapp når han kjem. Å koma inntil eigaren skal alltid vera positivt for ein hund. Pass på at kvar gong kvelpen høyrer ”kom” er han på vei mot deg. Du kan bruka ei tunn snor på kvelpen for å vera sikker på at han kjem når han høyrer,  ”kom”. Lina kan godt hengja laust etter kvelpen når du går på tur med han. Som gjetarhundeigar skal du vera klar over at det er bandtvang på gjetarhunden  når han ikkje er i arbeid med sau.

Etterkvart som hunden kan dei forskjellige kommando orda, kan du kan du lata han sitja/dekka  litt lengre før du gjev ”fri” kommando. Kvelpen skal læra seg at han skal vera i ”komando” til han får fri kommando, eller annan kommando t.d.  ”kom”.

Før kvelpen er 6 månadar bør han ha ein viss forståelse av ”dekk”, ”sitt”, ”nei”, ”kom”, ”fri”, og det å gå i band. Kommandoorda  vel du sjølv, men pass på å bruka same kommandord til same handlinga kvar gong. Syt for ar kvelpen skjønar kva kommandoorda betyr, og unngå å verta sint på kvelpen, elles kan han lett verta forvirra og redd. Hugs og at  kvelpar og unghundar har kort konsentrasjonsevne, og under innlæringa treng dei ofte pausar. Ved trening av lydigheit, finn ein roleg stad i starten t.d. heime i tunet, så set du større krav til kvelpen/unghunden ved å trena der du går tur og vidare der det er sauer. Tren i korte økter 5-10 min. 2-3 gonger pr. dag i innlæringsfasen, noko kortare på kvelpar under 6 månadar.  Du må tenkja godt gjennom kva du skal trena på, og korleis du skal gjennomføra øvelsen. Gå trinnvis fram, og tren på ein øvelse om gongen.  Hunden kan godt vera svolten når du trenar han. Avslutt treningsøkta alltid når hunden gjer det best. Dersom du har ein dårleg dag, ikkje tren. Du kan øydeleggja mange vekers trening. Når treninga er avslutta, set hunden i hundegarden så han får fred til å tenkja gjennom det han har lært.

Minstekravet til lydigheit før du byrjar trena på sau i 1 års alderen, er god innkalling, at du kan dekka /stoppa hunden, at han veit kva ”nei” betyr, og at han kan gå i band. Ein gjetarhund skal ikkje vera saman med sau utan tilsyn, sau og hund skal ikkje vera kompisar. Sau skal ha respekt og tillit til ein gjetarhund.

Kva nytte du vil få av kvelpen som vaksen gjetarhund, er avhengig av mange faktorar. Ein del eigenskapar er medfødt, og åtferd har forholdsvis høg arvegrad. Korleis desse eigenskapane vert utnytta optimalt, vil vera mest opp til deg som gjetarhundeigar.

LUKKE TIL!

Sist oppdatert:

24-sep-09