Gjetarhundarbeidet på Osterøy

skrive av Audun Seilen

Tore og Laddy

 

På Osterøy er det mange gjetarhundar som vert brukt til praktisk arbeid på gardane. Det er flest Border Collie, men òg eksemplar av Australsk kelpie. Midt på 50 talet kom den første reinrasa Border collien til øya. Interessa for gjetarhunden er aukande, og med det òg behovet for opplæring.

Teddy og Kaisa

Å få hundane gode nok til det viktigaste, nemleg ”praktisk arbeid”, gjer at det har vore bra deltaking på lokale kurs som gjetarhundnemnda lagar til på øya. Å skaffa seg kunnskap om denne ”arbeidskameraten”, samt å få hjelp og rettleiing når situasjonar oppstår vert tydeleg satt pris på. Å klara eit gjetarhundbevis er målet for dei fleste.

Å stilla til start  på prøvar med litt høgare målsetjing er nok av meir sjeldan favør, men har førekomme oppigjennom åra. Med fleire lovande emne på gang, vert det spanande å sjå om glød og mot hjå eigarane heldt til å verta med i det flotte konkurransemiljøet som er. Ingen tvil om at det er det som skapar inspirasjon til å stå på vidare.

Jørn med flere

Me har i ein del år hatt tilbod om fellestrening der me stiller med sau og areal etter ein oppsett plan. I vår hadde me to kveldar annakvar veke.  Frammøte var jamt godt, 3 til 12 stykker pr. gang. Litt venting vil det lett verta når frammøtet er godt. Men med kaffi, humør og hefti diskusjon på sidelinja har dette gått bra. Ein lærer av å sjå på òg. Her er bilde frå ein av treningskveldane våren 2003.

Slutt på rygging

Sist oppdatert:

24-sep-09