Gjeterhundkurs i Rosendal

17 - 19.mars 2006

skrive av Audun Seilen, mars 2006

Det er etter kvart vorte tradisjon kvart år i mars å reisa til Rosendal pågjetarhundkurs. HONNØR OG STOR TAKK til gjetarhundgjengen der inne som organiserer det praktiske og til Baroniet som velvillig stiller plass og sau til disposisjon år etter år. Oppfølgingskurs for instruktørane i fylket var det som først stod på planen dette året. Men sidan fleire òg hadde etterlyst ordinært kurs, vart fylkesnemnda med Liv Oddny i spissen, einig om å prøva ut ein ny vri, der me slår saman både vanlig kurs og instruktørkurs. Tanken var at dette skulle verta så reelt som mulig, og at hovudinstruktør kunne følgja opp instruktørane medan dei var i aksjon og dermed gje dei gode råd og nyttige tips.

DrivingEgil Syversbråten frå Stryn vart engasjert som hovudinstruktør. Han set i landsnemnda for gjetarhund, driv kennel i lag med kona, heldt kurs nærmast på heiltid rundt  heile landet. Han har brukt mykje tid i Skottland for å læra av dei beste der borte. Han og kona har oversatt til norsk, boka ”GJETARHUNDEN”. Dette er ei svært illustrativ og god bok som absolutt kan anbefalast.

Det å få læra meir, få tips og råd og utvikla seg vidare mot ein best mulig instruktør, er skikkeleg motiverande, og som driv oss til å halda påmed dette. Kursa er populære, og i  tillegg til eige fylke, var det i år deltakara frå  Rogaland og Telemark.

Kurs som vert lagt til ei helg slik som dette, gjer og at ein kjem i kontakt med mange personar. Diskusjonane går flittig, og trur nok dei fleste reiser heim att med mange gode råd og tips, samt sekken full av inspirasjon til å stå på vidare.

Fredagskvelden var det teori. Egil Syversbråten for instruktørane og Liv Oddny for resten av gjengen.

Laurdag etter frukost  var det praktisk trening som stod på programmet. Til saman 32 deltakara var delt inn i fem grupper med to instruktørar på kvar gruppe. Litt kluss vart det i starten då sau som skulle brukast viste seg å vera svært ”lett” på hund, og dermed litt stor fart til dei mestDiskusjon uerfarne hundane. Då sauen i tillegg klarte å rømma til skogs medan resten var til lunch, vart det dessverre litt omstokking for denne gruppa lørdag. Som arrangør beklager me dette, men håpar slike situasjonar òg kan brukast til å dra positiv lærdom av.

Søndag fungerte opplegget prikkfritt, og to effektive treningsøkter vart gjennomført.

Det som hovudinstruktør ”pirka” mest på hjå oss instruktørane, var at det måtte leggjast meir vekt på  førar og mindre på  hund. Var fokus på at førar skulle læra å dressera sin eigen hund. Då er kjemi og kommunikasjon hund / førar ein av nøklane til å lukkast.


Hugs òg å visa respekt for dyra som vert brukt, og handterer dei der etter. Takk til alle som bidrog til at dette vart ei kjæmpeflott helg!

Sist oppdatert:

24-sep-09