Gjetarhundkurs i Rosendal

Liv Oddny i aksjon

9. til 11. mars 2007

skrive av Audun Seilen.

Helga 9 – 11. mars vart enda eit vellukka kurs i bruk av gjetarhund gjennomført. Det er  Gjetarhundnemda i Hordaland som står som arrangør av desse kursa.

Plassen var i år som tidlegare, garden til Baroniet i Rosendal. Takk til dei for lån av areal og sau. Her var det god plass og alt var lagt til rette på beste måte. Honnør til Egil og Gunnar Henning som står i spissen for dei lokale kreftene der inne. Til dette kurset melder det seg på personer som ikkje har erfaring med verken hund gruppe 1 i rundkveeller sau, andre er nettopp komme i gang, eller har holdt på fleire år uten å lykkast.
Atter andre går det svært så bra med, har gjerne lang erfaring og er på
kurs for å komma enda eit steg vidare.  Felles for alle er at dei ynskjer læra meir
om gjetarhunden og dei kvaliteter som ligg i dette fantastiske dyret.


Med så stor spredning på deltakarnivået, er det ei utfordring å skapa eit kurs der alle
får god utbytte av helga. Med å dela opp i grupper på 4-7 deltakere, og kjøra tilpassa
instruksjon mot den enkelte deltaker fungerte dette svært bra. Konsentrert hund og eier

Gjetarhundmiljøet i Hordaland er i den heldige situasjonen at dei har mange aktive instruktører.  Mange av desse har svært lang fartstid innafor bruk av gjetarhund både til praktisk arbeid og i konkurransar. Kjempebra at desse stiller opp og deler raust ut sin kunnskap ei slik helg. Så er det no kjekt å vera instuktør på kurs, når ein ser at samspel mellom førar og hund tar form. Festmiddag og dans på lørdagskvelden gjer òg sitt til å sikra eit positivt miljø.

Takk til alle, både deltakere og instruktører for ei kjekk og lærerik helg.

Sist oppdatert:

24-sep-09