Korleis skaffa seg ein gjetarhund

skrive av Marianne Byrkjeland, januar 2004

Det er mange vegar fram til målet å skaffa seg ein gjetarhund. Her skal eg koma inn på fleire avgjerande faktorar som spelar inn på kor vellukka resultatet vert for den einskilde når han skaffar seg eit levande driftsmiddel på garden. Kan det vera hjelp å få på underveges.

Det er mange skjær i sjøen når ein skal oppdra/dressera ein gjetarhund, og altfor mange gode gjetarhundemne har vorte øydelagde. Hundane vert gåande på bruka kringom til irritasjon for eigar og miljøet ikring. Det viktigaste element er at du som skal nytta gjetarhund har interesse for hund som individ, og er villig til å ofra tid på å få eit samarbeid mellom deg og hunden. Dette gjeld same kva type og alder på individet ein skal skaffa seg.

Faktorar som ein lyt ta stilling til når du skal dressera ein gjetarhund, er om du som førar har kunnskap, tid , gode treningsforhold og hundevane sauer. Med hundevane sauer meinar ein sau som let seg styra av hund , sau som har både tillit og respekt for hund. For fyrstegongs eigarar er dette oftast største problemet, då dei har vanskeleg sau å trena på.

Kjøper du deg ein kvelp, bør kvelpen vera etter godkjende foreldre. Med det meinar me at begge foreldre har godkjent gjetarhundprøve, er HD-frie og er registrerte i Norsk Kennel klubb. Det syner seg at tilfeldige avkom etter bordercollie ofte har dårlege gjetareigenskapar, og mange har kjøpt ”katta i sekken”. I dag er det mange gode gjetarhundlinjer på marknaden, så det skulle ikkje vera vanskar med å få seg tak i kvelp med gode eigenskapar. Dess meir ein veit om eigenskapane til foreldre, besteforeldre, sysken, og slekta elles dess sikrare er ein på eigenskapane som ligg i kvelpen. Mange som kjøper seg ein kvelp med gode gjetareigenskapar trur at no gjer resten seg sjølv, men så enkelt er det nok ikkje. Skal hunden verta til god hjelp, lyt det til både vanleg hundeoppdragelse og spesialdressur på sau. Det kan samanliknast med at du kjøper eit flott piano, og skal det verta flott musikk, treng du læra å spela på pianoet.

For å få til dette finns det kurs kringom i saualslaga. Her i Hordaland skipar gjetarhundnemda helgekurs annankvart år, og i ein del regionar har saualslaga kurs, samlingar som går over eit lengre tidsrom. Dersom du ikkje har tilgang på fagleg hjelp, kan det vera til god hjelp med videoar og oppslagsverk. Her finns både norske og utanlandske videoar og bøker. Om hjørnet kjem ei bok som er oversett frå engelsk til norsk. Erfaringar er at du som fyrstegongseigar av gjetarhund treng gjerne to til tre kurs for å lukkast.

Dersom du ikkje har tid, kunnskap o.s.v., kan du få erfarne gjetarhundfolk til å ta spesialdressuren på sau i ca. eit til to års alderen. Fordelen med det er at hunden får ein del kunnskap, og du som eigar lærer ein del av hunden. For å få ein god hund, lyt du vedlikehalda, og vidareutvikla kunnskapen til hunden.

Du kan og vera heldig å få tak i hund mellom eit og to år som har grunninnlæringa på sau. Her og må du halda vedlikehalda og vidareutvikla  kunnskapen. Dess meir praktisk kunnskap hunden får dess betre vil han løysa oppgåvene sine.

Det dukkar og opp hundar som er eldre og har vore nytta i praktisk arbeid. Dei er oftast best i forhold til fyrstegongseigar, desse hundane har mykje kunnskap og taklar ofte godt sau som ikkje er vane med hund. Eigaren får då lettare hundevane sauer.

Hugs at du får hund og sau til å fungera heime på garden før du brukar han i sankinga. Jobben du og hunden skal gjera i fjellet er svært vanskeleg. Hunden må få oppgåver som høver til alder og kor langt han er komen i dressuren. Det er viktig at du vert flink å ”lesa” sau og lære å ”styra” hunden godt. Dette er eit samarbeid! God kondisjonstrening og psykisk trening på sau er svært nyttig og viktig for å greia den oppgåva godt. Hugs at di betre dressur du har på hunden din, dess fleire og større oppgåver kan hunden gjera i dyrehaldet ditt.

Lukke til med ditt val.

 

Sist oppdatert:

24-sep-09