Nursery Finale i Skottland 2007
Torsdag 1. mars reiste me til Nursery finalen i Skottland. Finalen skulle gå 3. mars, så me hadde god tid til å sjå oss omkring. Me kom fram til arenaen torsdag ettermiddag. Der kom me i kontakt med Andy Carnige, som var arrangør for prøven. Han inviterte oss heim til seg, der me fekk sjå nokre fine unghundar i aksjon.
Fredag reiste me opp i høglandet, for å besøke Alan Wilkie. Han skulle starte som nr. 1 i finalen. Han driv ein gard med 1600 sau og 100 angus. Området rundt garden var storslått med runde fine åsar og lange dalar, der sauen går året rundt. Han har og fleire fine hundar som han viste oss.
Lørdag var finaledagen. 43 hundar var kvalifisert til å starte. Sauen som vart brukt var blanding av svartfjes og Leicester sau, og den sprang som berre det. Me fekk sjå mange fine prøvar, der samarbeidet mellom hund og førar var imponerande. Spesielt kunne me sjå dette på deling, -her har me nordmenn eit stykke igjen….
Prøven vart vunne av Ian Brownlie og hunden Jill, med 98 poeng.
Søndag reiste me vidare nedover til Border distriktet.
På veg nedover traff me Wiv Billingham. Ho viste oss fram hundar som ho var komen godt i gang med, og kva ho låg vekt på ved trening av unghundar.
Søndag ettermiddag var me på besøk hjå Willy Welsh.
Han er ein av 4 gjetarar i ein flokk på totalt 6000 sau.
Mandag var me på besøk hjå John Angus McLoud for å sjå på meir hund, før me reiste til Aberdeen og tok flyet heim tirsdag morgon.
Skottland er eit flott land med mykje fin natur og mange trivelege menneske som det er lett å komme i kontakt med.
Ein slik tur til Nursery finalen kan anbefalast…..
Stein Dalland