MØTE I FYLKESNEMNDA FOR GJETARHUND I HSG
Bjørkheim 9 januar 2009.
Desse møtte:
- Liv Oddny Haugen Hindenes
- Stein Dalland
- Bjørn Atle Nesheim
- Nils Tore Skjeldal
- Egil Øvstebø
- Audun Seilen
Liv Oddny ønskte godt nyttår og spesielt velkommen til dei nye medlemmane.
Sak 1 - Årsmelding.
Gjennomgått og godkjendt. Merknad til at aktivitet frå alle områder må koma med i årsmeldinga.
Sak 2 - Kurs.
Rosendal 27/2 – 1/3-2009. Nærmare info vil komma.
Tidligare kurs vart diskutert. Viktig at me heldt fram med å laga til gode kurs, der deltakarane føler dei får godt utbytte. Maks 30 deltakarar. Brukar eigne instruktørar på dette kurset.
Me ynskjer å justera litt frå tidligere opplegg.. I staden for rundkve til nybyrjarane, vil me forsøkja å gjerda inn eit begrensa område, der me bruker handplukka sau som søkjer lett til folk.
Sak 3 - Instruktørsamling.
Bestemt å ha på Hindenes 21.-22. februar. Liv Oddny sender ut info/ invitasjon.
Sak 4 - Gjetarhundprøvar.
Distriksprøver
Styret ser det som svært viktig at me klarar å laga til breiast mogleg tilbod innanfor fylket. Spesiell vri i år er at me vil kombinera Distriktsprøver med ein cup. Klasse1 kjører som vanleg, mens klasse 2 fungerar som cup. Det vil verta til eit enkelt system for rangering, men truleg vil fira prøvar verta teljande. Vert ingen restriksjonar å starta i klasse 2. Det vil seie at òg klasse 3–hundar startar der. Oppfordrer gjetarhundfolk på alle nivå til å hengja seg på, og få fylt opp kroppen med inspirasjon og pågangsmotJ.
Fylkesprøve 2009:
- Klasse 1 og 3 . Egil Lomsdalen føreslått som dommar.
- Klasse 3 går som ordinær FM, men nytt av året er at me også skal kåra fylkesmeister unghund kl.1.
Nortura vest-cup kl.3: (Kan komme endringar vedr Nortura Vest Cup)
- Rosendal Vert to prøvar same dag (foskjellige baner)
Uttak til NM-2009.
- 2 stk prøver norgesserien + fylkesmeisterskap.
Tabell over planlagte prøver ( Evt. Landsprøve i Hordaland skal avklarast på møte i prøvenemda slutten av jan.)
NB! Datoar kan verta endra.
Tid |
Stad |
Kontaktperson |
Tlf |
Kontonr |
5. april |
DP kl 1 + 2, Vågseide |
Jorunn Åse Eide Raknes, Ostereidet |
56354067 / |
|
21. juni |
DP kl 1 + 2, Ulvik |
Nils Tore Skjerdal, Kinsarvik |
53663296 / |
|
23. august |
DP kl 1 + 2, Nordheimsund |
Marianne Byrkjeland, Nordheimsund |
56551914 / |
|
4. oktober |
FM kl 1 + 3 |
Nils Tore Skjerdal, Kinsarvik |
53663296 / |
|
10. oktober |
DP kl 1 og 2 |
Lars Ø. Grønstad, Etne |
53756302 / 481 12 904 |
|
11. oktober |
DP kl 1 + 2, Voss |
Bjørn Atle Nesheim, 5713 Vossestrand |
56518230 / |
|
1. november |
Nortura Vest cup kl 3 |
Egil Øvstebø |
53480138 / |
|
8. november |
DP kl 1 + 2, Osterøy |
Audun Seilen |
56390478 / |
|
|
|
|
|
|
Sak 5 – Heimeside
Viktig å sende stoff til heimesida for å holde den levande og god.
Oppfordrar alle distrikt til å bidra til dette.
Sendast til Evelyn Heldal Sommer, sjå mailadresse på heimeside.
Sak 6 - Nortura vest-cup
Innspel frå Kjell Helland, Rogaland Gjetarhundlag om å justera retningslinjer for desse prøvane. Ynskjer at retningsliner for desse prøvane tillet å testa ut nye/ alternative prøvevariantar osv…
Liv Oddny ser gjennom noverande reglar, og lagar til forslag til endring.
Sak 7- Open post
Landsprøvar
Er kome spørsmål vedr. gjennomføring av landsprøvane. Saka vart diskutert, og bestemt at Stein Dalland lagar til forslag til uttale frå fylkesnemda. Frist 19. januar.
Rett og gale innafor gjetarhundopplæring
Er for dressur av gjetarhund som dei fleste andre område her i livet, mange veier til det den enkelte set som mål. Ofte er det sunn fornuft som duger best. Då er kunnskap om det ein heldt på med, og sjølvsagt god kommunikasjon nøkkelord.
Hordaland gjetarhundnemd har i mange år bevist at dei har gode instruktørar. Skal likevel vera bevisst på at når me arbeider med dyr, vil me ha eit stort fokus på oss frå samfunnet rundt. Viktig at me går føre som gode eksempel, og lærer dette vidare i miljøet.
Møte slutt: 20.30
Referent – Audun Seilen