MØTE I FYLKESNEMNDA FOR GJETARHUND I HSG
Referat frå møte Gjetarhundnemda i Hordaland , Voss 06.12.09 kl. 13.00
Desse møtte:
- Audun Seilen - leiar
- Egil Øvstebø - styremedl
- Stein Dalland – styremedl
- Nils Tore Skjeldal - 1. vara
- Bjørn Atle Nesheim – 2. vara
- Gunnar Lægreid – 3. vara
HSG har halde val på nye nemder i laget, og dermed justeringar i gjetarhundnemda òg.
Liv Oddny har etter mange år som ledar for gjetarhundnemda, valgt å gje stafettpinnen vidare til andre.
Me vil takka Liv Oddny for den flotte jobben ho òg i dette vervet har gjort for gjetarhundmiljøet.
Sak 10/09 – Arbeidsfordeling i styret
- Audun tar skrivarjobben.
- Stein ansv for spørsmål vedr sentrale prøver etc.
- Styret har bestemt at òg varafolka vert engasjert styrets arbeid. Alle i styret er geografisk bra fordelt, og er naturleg at kvar tar ansvar for sitt nærområde.
- Stoff til heimesida er felles ansvar.
- Oppfordrer kvar arrangør av gj.h. prøve, i forkant å laga kort invitasjon til prøven, og få dette ut på heimesida, samt nokre bilder og kort oppsummering etter prøva.
Sak 11/09 – Oppsummering 2009
- Instruktørsamling på Hindenes 21.-22. februar. Meget bra opplegg.
- Gjetarhundkurs i Rosendal i mars. Ca 20 deltakara, kunne vore litt meir.
- Hordalandscupen 2009 må reknast som suksess. Totalt 29 hundar til start, og både gamle og nye arrangørar har vist stor dugnadsånd, og levert flotte arrangemang. Alle prøvane hadde òg kl 1.
Dommarane i fylket har dømt på dugnad. BRA!
Sak 12/09 – Organisering av gjetarhundarbeidet i fylket.
Klarer me å få med oss storparten av lokallaga i fylket slik det pr no er organisert? Bruer og tuneller vert bygd, så viktig at me stimulerer til samarbeide der det er geografisk naturlig. Starter med dette ein prosess der me i kvar vårt område diskuterer muligheter.
Sak 13/09 – Samarbeid med Nabofylka
Rogaland - Framtida til Norturacupen må diskuterast. Forslag er at den vert avvikla på ei helg, og arrangeres annakvart år av Rogaland og Hordaland.
Sogn - kontakt frå Sogn som ynskjer diskutera samarbeid. Avtale om å halda open dialog framover.
Sak 14/09 - Planar 2010
- Hordalandscupen 2010. (På enkelte prøver innfører deling etter kve som trening, utan dømming.)
- Fylkesprøve klasse 3
- Alle prøver skal òg ha tilbod om kl 1
- Dommarsamling 18-19 mars
- Tevlingskurs 19-21 mars
Uttak til NM 2010
2 stk prøver norgesserien Radøy , Fm og 2 stk prøver Hordalandscupen.
Møte slutt: 15,30
Referent – Audun Seilen