MØTE I FYLKESNEMNDA FOR GJETARHUND I HSG
Styremøte pr tlf/mail september 2009
Sak 8/09, skal nemnda sponsa utsendingane til NM?
Styret har bestemt av ein i år vil sponsa kvar hundeførar som reiser til NM med kr 1.200,-
Vi ser det som viktig at me klarer å fylla årets kvote, og ikkje missa kvote seinare år.
Kvar enkelt ordnar med å sende reiserekning på denne summen til Audun, som videresender til Laila Berge, Voss rekneskapslag.
NB: Foreløpig er dette spesielt for 2009, då NM vert i Mosjøen, det blir ca 1000 km kjøring kvar veg.
Stein Dalland informerer deltakarane.
Sak 9/09 Kven kan verta fylkesmeister
Styret ser det som vanskelig å gå for at det vert kåra fleire fylkestitlar. Fleire av dei beste unghundane stiller i høgare klassar,
så då vert det feil å blanda inn unghund i tittelen på klasse 1.
Inntil vidare vil me gå for at fylkestittel vert kåra i klasse 3, eventuelt og at det vert premie for beste unghund.
Då vert klasse 1 kjørt som no, uten fylkestittel. Oppfordrer likevel alle å stilla på fylkesprøva, uansett klasse.
Viktig at me heldt liv i den gode trenden me har her i fylket.
Referent – Audun Seilen